Skip to main content
En kvinne med mørkt hår som ser ut mot horisonten

Ryfylke; utdanning der du bur

Målet er å gjera det mogleg å ta høgare utdanning lokalt, kombinert med arbeid og familieliv. Slik at du kan bu her som du høyrar til.

Oppdag meir

Studietilbod i Ryfylke

Det er eit behov for ulik kompetanseheving og fornying av kompetanse i Ryfylke. Som utdanningssenter har me difor utarbeida ei rekke studietilbod spissa mot behovet for kompetanse i det lokale arbeidslivet i Ryfylke. Under kan du sjå dei studietilboda som er pågåande (desse kan du ikkje søkje på), dei som er ferdige samt nye tilbod som kjem på sikt (nokre av desse kan du allereie søkje på).

Saknar du noko?

Me vil høyre frå deg om det er noko du saknar i utvalet av utdanningar. Vårt utdanningstilbod er laga saman med arbeidslivet lokalt i Ryfylke og skulane som tilbyr studiar og emne innan høgare utdanning og fagskule. Om du saknar noko, tek me gjerne ein prat om kva me kan tilby framover innan desentralisert utdanning!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!

OM RYFYLKE IKS

Kva jobbar me ellers med i Ryfylke IKS

I Ryfylke er det viktig at me arbeider mot felles mål og at me dreg i lag. Viss du er nysgjerrig på kva anna som skjer i Ryfylke-regionen kan du trykke deg inn på lenkene under for å sjå kva vår «søsterorganisasjon» Ryfylke IKS arbeider med!

Vil du vita meir?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på 4 personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!