Grønn logistikk og samhandling
Fagskuleutdanning i berekraftig logistikk og framtidas vareflyt. Grøn logistikk og samhandling er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan logistikk, berekraft og digitalisering. Studiet gir kunnskap om korleis varer flyt i verdikjeder, korleis teknologi kan effektivisere prosessar, og korleis grøne løysingar kan bidra til meir miljøvennleg transport og produksjon. Utdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet og byggjer på Ryfylkemodellen, med samlingsbasert undervisning og reelle case frå bedrifter i regionen.