Utdanninga passer for

  • Personar som ønskjer å jobbe i havbruksnæringa
  • Tilsette i sjømat- og oppdrettsbedrifter som vil styrkje kompetansen sin
  • Arbeidssøkarar med interesse for blå næringar
  • Lokale arbeidstakarar som ønskjer å kombinere utdanning og jobb

Organisering

  • Samlingsbasert studie i Ryfylke og regionen
  • Undervisning levert av HVL
  • Nært samarbeid med lokale oppdrettsbedrifter
  • Praktiske læringsarenaer og arbeidserfaring i næringa
  • Heimeeksamen og bachelorprosjekt i samarbeid med arbeidslivet

Opptaksrav

Denne utdanninga følgjer opptakskrava til Høgskulen på Vestlandet. Dette er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

NB! Det er forkunnskapskrav til emnet Praksis i havbruksnæringa:

Bestått 60 studiepoeng frå emne i BLÅ ÅKER-studiet (4 x 15 studiepoeng bestående av fire emne fra følgjande emne – FØS8111, FØS8112, FØS8113, FØS8114, FØS8118, FØS8119, FØS8127, FØS8130 eller FØS8132)

Målet for utdanninga

Du skal:

  • få solid fagleg grunnlag innan havbruk og akvakultur
  • forstå biologiske, tekniske og berekraftige aspekt ved sjømatproduksjon
  • kunne bruke moderne teknologi og digitale verktøy i havbruksdrift
  • vere rusta til arbeidsoppgåver i framtidas akvakulturnæring
  • lære gjennom tett samarbeid med næringslivet og praksisfeltet

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 60

Startdato: Januar 2025

Studieomfang: Deltid, to år

Undervisningsstad: Hjelmeland
Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: Hausten 2024.
Løpande opptak ved ledige plassar. Søknadportal opnar: 25. oktober

Søk her

Høgskulen på Vestland

Det er Høgskulen på Vestlandet og Ryfylke IKS som har utarbeida utdanninga. Innhaldet i utdanninga er praktisk retta og utvikla i dialog med næringa.

Havbruksnæringa står overfor fleire utfordringar i møte med det grøne skiftet. Denne vidareutdanninga gjer deg kompetanse om blant anna økonomistyring og havbruksforvaltning

Alt om studiet

Emner

Studiet består av 180 studiepoeng fordelt på emne som:

  • Biologi, kjemi og miljø for havbruk
  • Akvakulturteknologi og drift
  • Digitalisering og robotisering i oppdrett
  • Sirkulærøkonomi, regelverk og HMS
  • Oppdrettsteknologi
  • Praksis i havbruksnæringa
  • Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

Studentar som fullfører alle emna oppnår bachelorgrad i havbruk.

Bakgrunn

Bakgrunn

Utdanninga er utvikla i tett samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar for å møte kompetansebehovet i blå næringar. Blå åker er ein del av satsinga på desentraliserte utdanningar i Ryfylke, der målet er å sikre lokal rekruttering, kompetanseheving og praksisnære læringsløp.

Studiet er ein pilot etablert gjennom Ryfylkemodellen, og første kull blir ferdig i 2026. Arbeidet held fram for å tilby vidare studietilbod og enkeltemne i regionen.

Ønskjer du meir informasjon

Ta kontakt med Utdanningssenteret i Ryfylke for rettleiing eller hjelp med søknadsprosessen.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!