Skip to main content

Oppdag meir!

Her finn du oversikt over kven vi er, kva vi arbeider med og korleis vi legg til rette for desentralisert utdanning, rekruttering og kompetanseutvikling i regionen.
Målet vårt er å styrkja både arbeidslivet og lokalsamfunna gjennom kunnskap, samhandling og Ryfylkemodellen.

Regionalt kompetanse- og utdanningssenter

Ryfylke utdanningssenter IKS er eit regionalt kompetanse- og utdanningssenter som legg til rette for desentralisert og fleksibel fagskule- og høgare utdanning i Ryfylke. Senteret er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune og kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.

Vi arbeider for å møte både næringslivet og offentleg sektor sitt behov for kompetanse – og bidra til å utvikla attraktive og framtidsretta lokalsamfunn. Gjennom Ryfylkemodellen skaper vi skreddarsydde studietilbod i tett samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar. Målet er å gjera det mogleg å ta høgare utdanning lokalt, kombinert med arbeid og familieliv.

Ryfylke utdanningssenter er ein motor og pådrivar for kompetanseheving i regionen. Vi koplar utdanningstilbydarar og arbeidsliv, og tilbyr eit fagleg og sosialt fellesskap for studentar.

Studietilbod i Ryfylke

Det er eit behov for ulik kompetanseheving og fornying av kompetanse i Ryfylke. Som utdanningssenter har me difor utarbeida ei rekke studietilbod spissa mot behovet for kompetanse i det lokale arbeidslivet i Ryfylke. Under kan du sjå dei studietilboda som er pågåande (desse kan du ikkje søkje på), dei som er ferdige samt nye tilbod som kjem på sikt (nokre av desse kan du allereie søkje på).

Samarbeid med lokale bedriftar

Me samarbeider med fleire lokale bedrifter om å få til gode og relevante utdanningstilbod. Ein treng ikkje vera stor bedrift for å samarbeide med oss, men nokre eksemplar på dei me har – eller har hatt – samarbeid med er Mowi, Grieg Seafood, Eramet og Mibau Stema. Me har óg eit godt samarbeid med kommunane. Er di bedrift eller verksemd interessert i å samarbeide med oss? Ta kontakt då vel!

Trainee Ryfylke

Ryfylke IKS er i gang med å utvikle eit regionalt trainee-program i samarbeid med Trainee SørVest. Målet er å skape ei framtidsretta ordning som kan gi nyutdanna og tidleg-karriere-kandidatar spennande moglegheiter i Ryfylkeregionen.

Programmet er under utvikling, og forma blir til i tett dialog med lokalt næringsliv. Det kan derfor kome fleire nye og interessante moglegheiter framover – både for bedrifter som ønskjer tilgang på kompetanse, og for kandidatar som vil byggje karriere i regionen.

Ryfylke utdanningssenter støttar arbeidet og ser fram til å bidra der det er naturleg, slik at trainee-ordninga kan bli eit godt og relevant tilbod for heile Ryfylke.

Vil du vita meir?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!