Resirkulerande akvakultursystem (RAS)
Resirkulerande akvakultursystem (RAS) er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan oppdrettsteknologi, vasskvalitet og miljøvenleg produksjon. Studiet gir innsikt i korleis ein kan produsere fisk på ein trygg, effektiv og berekraftig måte gjennom avanserte resirkuleringssystem, der vatnet blir filtrert, reinsa og gjenbrukt. Utdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet og byggjer på Ryfylkemodellen, med samlingsbasert undervisning og reelle case frå oppdretts- og teknologiaktørar i regionen.